Vil truleg ta to dagar å fikse feilen som stoppar eksporten av gass til Storbritannia

Det vil truleg ta to dagar å reparere feilen på ei røyrleidninga som har stoppa all eksport av gass frå Nyhamna til Easington i England.
Det opplyser Gassco som er operatør av anlegget på Nyhamna i Møre og Romsdal.
Ei røyrleidning knytt til Sleipner Rise-plattforma er skadd og må bli reparert før eksporten kan starte opp igjen. Equinor stengde ned plattforma som følge av feilen.
– Ifølge den planen som Equinor har presentert i dag, så kan ein truleg ferdigstille arbeidet innan torsdag. Det er alltid usikkerheit rundt kva ein møter når ein startar på jobben og om ein treff på nye problem, men det kan også gå raskare enn ein trur, seier Alfred Skår Hansen, direktør for systemdrift i Gassco.
Han seier vidare at dei vil oppdatere marknadsportalen sin så fort dei veit noko meir om kor lang tid arbeidet vil ta.
Gass frå Nyhamna dekker rundt 25 % av gassforbruket i Storbritannia. Per no er det ingen eksport av gass frå anlegget som ligg i Aukra kommune.

Artikkel kilde: NRK

Les hele artikkel her: Read More