Vil fengsle mann pågripen under demonstrasjon

Ein mann i 50-åra blir i dag framstilt for varetektsfegnsling. Mannen skal siste tida ha vore innblanda i ei rekkje forhold, som valdsepisodar, tjuveri, truslar og skremmande framferd.
Måndag skal han ha stole og kasta ting rundt seg på eit apotek. Han vart seinare på dagen arrestert etter ei ordensforstyrring under Palestina-demonstrasjonen i Bergen.
– Han var då i ein situasjon der han fekk demonstrantane si merksemd. Patruljen følte at dei måtte gripe inn for at situasjonen ikkje skulle eskalere noko vidare, seier politiadvokat Trine-Benedikte Opdal.

Artikkel kilde: NRK

Les hele artikkel her: Read More