USA avviser mogeleg arrestordre frå ICJ

USAs president Joe Biden reagerer kraftig på at ein aktor vil sende ut ein arrestordre på blant andre Israels statsminister Benjamin Nethanyahu og Hamas-leiarar, melder Reuters.
– La meg vere klar. Uansett kva aktoren måtte antyde, det er ingen likskapar mellom Israel og Hamas.
USAs utanriksminister Antony Blinken avviser ønsket om å sende ut ei arrestordre på regjeringsmedlemmar i Israel, melder Reuters.
Ein aktor ved Den internasjonale straffedomstolen i Haag (ICJ) har bede om arrestordre på blant andre statsminister Benjamin Netanyahu og Hamas-leiarar.
– Vi avviser at det blir sett likskapsteikn mellom Israel og Hamas. Dette kan sette ein våpenkvileavtale og ein avtale om frigjeving av gissel i fare, seier han i ei fråsegn.

Artikkel kilde: NRK

Les hele artikkel her: Read More