Tankbil involvert i ulukke i tunnel på E16
Ein tankbil og ein personbil har vore involvert i ei møteulukke i Trengereidtunnelen på E16 mellom Bergen og Vaksdal. Ulukka har skjedd nokre hundre meter inn i tunnelen, melder politiet.
To personar er involverte. Dei er vakne og medvitne, og ifølge politiet verkar dei uskadd. Tankbilen er lasta med diesel, men det er ikkje meld om lekkasje.
Tunnelen er stengd. Brannvesenet og ambulanse er framme på staden.
Ifølge politiet er det dårleg dekning på mobiltelefon i tunnelen, og difor krevjande å få informasjon frå folk på staden.
Begge køyretøyet treng bilberging, og bilbergar er bestilt. Trafikken står, og det er uklart kor lenge tunnelen blir stengd.
Artikkel kilde: NRK
Les hele artikkel her: Read More