Svensk reaktor stoppa etter ukjend feil

Ein av atomreaktorane ved det svenske Forsmark-kraftverket stoppa etter ein ukjend feil natt til laurdag. På ettermiddagen var han framleis ikkje i drift, skriv NTB.
Tryggleiken er ikkje påverka av hendinga, ifølge Forsmarks pressesjef Karin Swanson.
Stansen gjer at ein tredel av produksjonen ved Forsmark er borte, samstundes som Sverige er ramma av vinterkulde.

Artikkel kilde: NRK

Les hele artikkel her: Read More