Streikeopptrapping onsdag kan ramme lufttrafikken

Unio trugar med trappe opp streiken frå onsdag av. Då vil dei mellom anna ta ut over 50 meteorologar samla i Oslo og Bergen.
– Det vil kunne få betydelege konsekvensar for aktiviteten og leveransen innan vervarsel og stormvarsel til flytrafikk, til militær trafikk og for aktiviteten ut til sokkelen, seier Ørjan Hjortland, leiar for Unios streikekomite til NRK.
Måndag trappa Unio opp streiken, som varsla førre veke. Då gjekk åtte meteorologar ut i streik. Men frå onsdag vil nok ei opptrapping få langt større konsekvensar.
– Det kan i stor grad ramme all lufttrafikk, både kommersiell og nyttetrafikk innan luftfart, held han fram.
Avinor seier til NRK at det er for tidleg å seie kva konsekvensar opptrappinga vil få for driften deira.
I tillegg vil onsdagens streikeuttak ramme Sokkeldirektoratet i Stavanger, politiet på Gardermoen lufthamn, i Oslo og på Bergen lufthamn.

Artikkel kilde: NRK

Les hele artikkel her: Read More