
Stort slagsmål på buss i Sola – tre pågripne
Ein person på Røyneberg i Sola er frakta til sjukehus etter å ha blitt påført ei hovudskade med skarp gjenstand.
Det skal ha vore eit masseslagsmål om bord i ein buss.
Politiet Sør-Vest melder på X (tidlegare Twitter) at det truleg var to grupperingar som rauk saman. Fleire personar har mindre skadar.
Politiet har fått tak i videoovervaking frå inne på bussen. Dei jobbar med avhøyr på staden.
Tre personar er pågripne.
Artikkel kilde: NRK
Les hele artikkel her: Read More