Spania: Opphevar arrestordre mot katalansk leiar
Høgsterett i Spania opphevar arrestordren mot tidlegare regionpresident Carles Puigdemont, skriv El Pais.
Han kan med det reise tilbake til Spania utan å risikere å bli gripen.
Puigdemont flykta til Belgia i 2017 etter eit mislykka forsøk på å lausrive Catalonia frå Spania.
Fleire av støttespelarane hans har sona fengselsstraffer i Spania, medan han har leia det katalanske partiet Junts frå eksil.
Puigdemont er svært upopulær i store delar av Spania, men har ein stor tilhengarskare blant katalanske separatistar.
Artikkel kilde: NRK
Les hele artikkel her: Les mer
Denne henvisingen/artikkelen er laget ved hjelp av KI-verktøy.
