Slagsmål i Tbilisi under debatt om omstridt lov

Måndag behandla nasjonalforsamlinga i Georgia ei omstridt lov for rammene for utanlandsk påverknad. Debatten om lova blei sendt direkte, men vart stansa då ein representant for opposisjonen slo eit medlem av regjeringspartiet i hovudet. Det utløyste knuffing og slagsmål.
Lovforslaget som vart debattert går ut på at organisasjonar som får over 20 prosent av finansieringa si frå utlandet, må registrere seg som «agentar under utanlandsk påverknad».
Lovforslaget har blitt kalla «den russiske lova» av kritikarar. Dei meiner forslaget minner om den undertrykkande russiske lovgivinga som blir nytta for å slå ned på dei som motset seg regimet.

Artikkel kilde: NRK

Les hele artikkel her: Read More