Sandvik skal leie forhandlingar under COP29
Klima- og miljøminister Tore O. Sandvik (Ap) skal leie forhandlingane om utsleppskutt under klimatoppmøtet i Aserbajdsjan saman med sin sørafrikanske kollega.
Klimatoppmøtet startar i Baku 11. november.
Neste år skal alle land melde inn nye klimamål til FN.
– COP29 må gi sterke signal til landa om at dei nye måla må ta oss langt nærmare Paris-måla enn dei som ligg på bordet i dag. Saman med min sørafrikanske kollega ser eg fram til å bidra til sterke og gode resultat, seier Sandvik i ei pressemelding.
Den norske delegasjonen til COP29 skal leiast av Sandvik. I tillegg vil regjeringa vere representert med utanriksminister Espen Barth Eide og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim. Statsminister Jonas Gahr Støre deltek dermed ikkje på møtet.
Artikkel kilde: NRK
Les hele artikkel her: Read More
