Russland trugar med å skyte ned F-16-fly gitt til Ukraina

– Russland ser på desse flya som eit alvorleg sikkerheitsproblem og vil skyte dei ned, seier den russiske diplomaten Konstantin Gavrilov til russiske medium.
Diplomaten seier at ein på russiske side ikkje kan vite om flya har atomvåpen om bord og at det dermed er eit spørsmål om atomsikkerheit.
Danmark har gjeve 19 F-16-fly til Ukraina, medan fleire vestlege land mellom anna Noreg har lova å gje slike fly. Dei fyrste flya er venta å bli leverte i løpet av året.
(NTB)

Artikkel kilde: NRK

Les hele artikkel her: Read More