Russisk bombefly har styrta i Volgograd
Eit russisk SU-34 jagarfly har styrta i Volgograd, melder det statlege russiske nyheitsbyrået Ria Novosti.
Flyet skal ha styrta i Volgograd-regionen mens det utførte ei planlagd treningsflyging, heiter det i meldinga frå forsvarsdepartementet. Mannskapet skal ha klart å koma seg ut av flyet og berga livet, ifølge det russiske forsvarsdepartementet, skriv Ria Novosti.
Ifølge forsvarsdepartementet i Russland er ein teknisk feil oppgitt som foreløpig årsak til ulukka.
Artikkel kilde: NRK
Les hele artikkel her: Read More