Politiets Fellesforbund: På veg mot «svenske tilstandar»
Politiets Fellesforbund meiner Noreg er på veg mot «svenske tilstandar», men utviklinga kan stoppe, skriv forbundet i ei pressemelding.
– Grunnberedskapen i politiet må bli styrka. Etaten er på felgen, seier forbundsleiar Unn Alma Skatvold.
Forbundet peikar på fleire utviklingstrekk som dei meiner viser ei negativ utvikling, blant anna negativ kriminalitetsutvikling, negativ bemanningsutvikling og nedbygging av fagmiljø.
– Vi må som eit første mål få alle nyleg utdanna politifolk i jobb. Og så må vi få på plass ein langtidsplan som sikrar både ein gradvis auke av bemanninga og ein føreseieleg plan for drift og investeringar, seier Skatvold.
Artikkel kilde: NRK
Les hele artikkel her: Read More