NRK erfarer: Vil innføre exitskatten frå 20. mars 2024

Regjeringa innfører den omstridde exitskatten, men gjer endringar i når skatten slår inn, erfarer NRK. Skatten vil først slå inn dersom ein har ein gevinst på 3 millionar kroner. Tidlegare låg innslagspunktet på 500 000 kroner. Skatten vil gjelde alle som flytta ut av Noreg frå og med 20. mars i år. Det var den datoen regjeringa først foreslo ein slik skatt.
Regjeringa meiner at når dei no hever beløpsgrensa, så vil skatten råke eit avgrensa tal personar.
Skatten fungerer slik: Idet ein flyttar ut av Noreg, vil staten rekne ut kor mykje skatt du skulle ha betalt av gevinstane du har opparbeida deg i Noreg.
Har du hatt ein gevinst på over 3 millionar kroner, må ein betale 37,8 prosent skatt på beløpet, og betale det innan 12 år.
Exitskatten kjem etter at Kjell Inge Røkke og fleire andre rikingar flytta til Sveits hausten 2022. Regjeringa har sidan jobba med å tette fleire skattehol, i håp om å hindre ei større lekkasje.

Artikkel kilde: NRK

Les hele artikkel her: Read More