Noreg med tydeleg støtte til Ukraina

Utanriksminister Espen Barth Eide heldt måndag pressekonferanse saman med Ukraina sin utanriksminister Dmytro Kuleba i Kyiv.
– Eit utstrekt samarbeid for å støtte Ukraina sin krigsinnsats er svært viktig, sa Barth Eide.
Han nemner særleg luftvernsystemet til Ukraina som har vore under hardt press.
– Eg er ikkje i tvil om at Noreg vil hjelpe med å få levert nye luftvernbatteri så raskt som mogleg, sa Dmytro Kuleba.
Barth Eide har måndag også besøkt eit kraftanlegg.
Der snakka dei saman om korleis Noreg kan bidra til å hjelpe Ukraina med å byggje eit meir robust kraftforsynings-system.
Den norske utanriksministeren la også vekt på at Noreg held planen om å støtte oppbygginga av ein flåte med F16-fly.

Artikkel kilde: NRK

Les hele artikkel her: Read More