Hamas tek på seg ansvaret for skytinga i Jerusalem

Det melder fleire nyheitsbyrå. I ein uttale frå Hamas skriv gruppa at dei ynsker ei eskalering av motstanden.
– Operasjonen er ein naturleg respons på dei kriminelle handlingane utan sidestykke som okkupanten gjer både i Gaza og mot ungane i Jenin, skriv Hamas i ein uttale som AFP siterer.
Tre personar vart drepne og seks skadde i eit skyteåtak i Jerusalem torsdag. Gjerningsmennene vart skotne av tilfeldige forbipasserande, skriv NTB.
To menn opna ild mot folk som venta på bussen i utkanten av byen torsdag morgon. Ei 24 år gammal kvinne vart drepen på staden. Ein eldre mann og ei eldre kvinne døydde seinare av skadane dei fekk, skriv Times of Israel.
Ifølgje israelsk politi var dei to gjerningsmennene tilknytte Hamas og tidlegare domfelte for terror.

Artikkel kilde: NRK

Les hele artikkel her: Read More