FN ber Georgia trekke omstridd lovforslag

FNs høgkommisær for menneskerettar Volker Turk ber Georgia trekke lovforslaget der organisasjonar og verksemder med meir enn 20 prosent finansiering frå utlandet må registrere seg som utanlandske agentar, melder Reuters.
Han ber styresmaktene også starte ein dialog med dei som kan bli omfatta av lovforslaget.
– Eg blir uroa av rapportane om bruk av vald mot demonstrantar og tilsette i medium i Georgias hovudstad Tblisi denne veka, seier han.
Regjeringa i Georgia seier den nye lova er naudsynt for å sikre openheit, og for å sikre landet suverenitet mot Vesten.

Artikkel kilde: NRK

Les hele artikkel her: Read More