Fekk bøter for å ha teke barna ut av skulen og reist til Thailand
To svenske familiar har fått bøter for å ha teke barna ut av skulen og reist til Thailand, trass i at dei fekk avslag på permisjonssøknadane, skriv SVT.
Den eine familien skal betale 82.000 svenske kroner, medan den andre familien skal betale 20.000 kroner.
I begge tilfelle skal reisene ha vore arbeidsrelaterte.
– Vi har ikkje teke nokon «Thaimout». Vi ligg ikkje med ein paraplydrink på dagane, vi jobbar, seier ei mor SVT har snakka med.
Artikkel kilde: NRK
Les hele artikkel her: Read More