Durek Verrett svarar på kritikken
I ei direktesending på Instagram, svarar Durek Verrett på kritikken han har fått i samband med videoen han delte der han seier at ånder kan ta bustad i born.
– De anar ikkje kor mange sterke reaksjonar eg får. Dei trur eg pratar om eksorsisme, seier han i direktesendinga.
Han meiner at folk «ikkje forstår hans spirituelle verd og sjamanisme».
– Det er alltid nordmennene som ikkje er utdanna innan spiritualisme. Dei trur dei kan fortelja meg kva eg skal gjera. Det er interessant og fascinerande, seier han.
Vidare i direktesendinga gir han råd om det han kallar for «ånder» og korleis foreldre skal handtera desse i møtet med born.
Artikkel kilde: NRK
Les hele artikkel her: Read More