Buss stod i full fyr ved Lagunen kjøpesenter

– Brannen er no sløkt, seier Tatjana Knappen i politiet til NRK klokka 20.15. Bussen som brann står ved bybanestoppet ved kjøpesenteret Lagunen i Bergen og Nordal Grieg skole. Politiet fekk melding om brannen klokka 19.26.
– Det skal vera mykje svart røyk i området.
Folk er evakuerte ut frå parkeringsanlegget på Lagunen kjøpesenter. Der vart også sprinklaranlegget utløyst. Politiet har ikkje oversikt over kor mange som blei evakuerte frå parkeringsområdet på eit av Noregs største kjøpesenter.
– Røyken har spreidd seg til parkeringshuset på Lagunen. Det er brannrøyk som er farleg å få i seg. Folk bør ikkje opphalda seg i nærleiken no, seier vaktkommandør i 110 Vest, Shahrooz Lahooti klokka 20.20.
– Røyken avtar, men det er framleis ein god del røyk i området. Røyken når eit køyretøy står i brann er ofte svart og då også giftig, seier Knappen. Også ho oppmodar folk om å trekkja vekk frå området så lenge det er røyk der.
– Bussjåføren prøvde å sløkka brannen med eit brannsløkkingsapparat før brannvesenet kom til staden. Kor mange passasjerar det har vore i bussen er for tidleg å seia noko om, seier ho.
Brannårsaka er ukjend. Det er ikkje meldt om personskadar, opplyser politiet. Bybanen i Bergen passerer vanlegvis Lagunen, men er fredag kveld stansa i dette området.
Det brann kraftig i bussen. Alle naudetatar rykte ut til staden.

Artikkel kilde: NRK

Les hele artikkel her: Read More