Brann-lege ber klubben tilsetta gynekolog

– Eg ønskjer at klubben skal få ein gynekolog tilknytt klubben, seier Brann-lege Christian Redisch til BA. Han er oppteken av at fotballen må leggja betre til rette på damesida.
– Jenter har ein annan fysologi enn gutar. Det er på grunn av alt som har med hormon- og menstruasjonssyklus å gjera. Det må ein ta omsyn til med tanke på skadar og prestasjon, seier han til avisa. Han kjenner ikkje til at andre klubbar har tilknytt ein gynekolog.
Visekaptein Ingrid Stenevik (biletet) meiner gynekologønskjet er veldig positivt frå legen.
– Det er eit godt teikn at kvinnehelse blir tatt på alvor i idretten, seier ho.
Dagleg leiar Christian Kalvenes opplyser til BA at klubben ønskjer å utvida det medisinske teamet rundt damelaget. Kva slags utviding det blir er ikkje klart, og han seier det er eit kostnadsspørsmål.

Artikkel kilde: NRK

Les hele artikkel her: Read More