Brann i vindturbin på Harøya
Onsdag morgon tok det til å brenne i ein vindturbin på Harøya. Til Sunnmørsposten seier vaktleiar ved 110-sentralen, Nils Bjerknes, at publikum tipsa om brannen klokka 06:45. Brannvesenet melder om at det ikkje skal vere fare for spreiing. Dei har stengt ein tursti i området, og seier at det ikkje er trygt å vere i området på grunn av fare for nedfall. Det brenn i toppen av ein turbin, og brannvesenet blir på staden til brannen er sløkt av seg sjøl.
Artikkel kilde: NRK
Les hele artikkel her: Read More