Biden slår tilbake: – Hukommelsen min er god
– Hukommelsen min er god, sa Joe Biden i ein tale natt til fredag.
Han sa vidare at han «er ein eldre mann» og at han «veit kva han driv med».
– Eg er den best kvalifiserte i landet til å vera president, sa han.
USAs president Joe Biden varsla at han ville tala 01.45 norsk tid.
Tidlegare torsdag blei det kjent det ikkje er grunnlag for å reisa straffesak mot den amerikanske presidenten i dokumentsaka.
Det kvite hus er glad for at president Joe Biden ikkje blir tiltalt for å ha hatt graderte dokument, men lite nøgd med kommentaren frå spesialetterforskar Robert Hur. Han sa nemleg at Biden i samtalar verka «som ein sympatisk velmeinande eldre herre med dårleg hukommelse».
Artikkel kilde: NRK
Les hele artikkel her: Read More