178 palestinarar drepne etter våpenkvila tok slutt
Ifølgje palestinske helsemyndigheter er 178 palestinarar drepne sidan våpenkvila vart avslutta fredag. I tillegg skal 589 vera skadde.
Representantar frå både Qatar og Egypt uttaler fredag at dei jobber iherdig med fredsforhandlingane, melder Reuters.
– Den kontinuerlege bombinga av Gaza forvanskar fredsforhandlingane og forverrar den humanitære katastrofa, seier Qatars utanriksminister Mohammed Bin Abdulrahman al-Thani.
Tre av dei 178 drepne er journalistar, og minst éin av dei er tilsett i det tyrkiske nyheitsbyrået Anadolou.
Fredag morgon la den ideelle organisasjonen The Committee to Protect Journalists (CPJ) fram ein rapport som viste at minst 57 journalistar har vorte drepne sidan krigen mellom Hamas og Israel braut ut 7. oktober.
Artikkel kilde: NRK
Les hele artikkel her: Read More